Fekk kulturprisen 2017: – Ei stor ære

Steinar Andsnes (t.h.) fekk Karmøy kommunes kulturpris for arbeidet sitt som dirigent og musikklærar.

Av: Jogeir Bigset

KULTUR: Under ordførarens nyttårsmottaking blei håvikbuen Steinar Andsnes heidra med Karmøy kommunes kulturpris 2017. Ordføraren, Jarle Nilsen, som delte ut prisen, var full av lovord.

– Andsnes er ein svært viktig og dyktig bidragsytar til kulturlivet i regionen, sa Nilsen.

Andsnes er svært glad over tildelinga.

– Eg kjenner meg audmjuk. Dette er ei stor ære, seier han.

Dirigent og musikklærar

Andsnes gjekk av med pensjon i haust etter å ha jobba som lærar ved musikklinja på Skeisvang vidaregåande skole. På fritida har han dirigert fleire korps og kor. I dag er han dirigent i Karmsund Brass.

– Arbeidet har gitt meg mange store opplevingar og mykje energi. Eg har stundom gått på øving og i utgangspunktet kjent meg trøytt, men etterpå følt at kvelden har gitt meg noko, at eg er full av energi, fortel Andsnes.

LES OGSÅ: Kunstnar feirar 80 med salsutstilling i Kopervik kulturhus. – Det blir gøy, men òg litt skummelt

Prisvinnaren, som opphavleg kjem frå Namsos, busette seg på Karmøy i 1973.

– Eg blei dregen med då eg flytta hit. Det gjekk kjapt rykte om at eg dreiv med musikk, og eg fekk spørsmål om å bli med på allslags frå første stund. I dag er eg er ein ekte karmøybu, berre med feil dialekt, fortel han.

TIPS KARMØYFOLK PÅ 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: