Engelsk bombefly styrta i Kopervik. Historielaget arrangerer minnestund

Komande fredag arrangerer Kopervik og Omegn Historielag, her representert ved Inger Fikstveit, minnestund for engelskmennene som omkom under 2. verdskrig.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Det er 22. november 1942 og Kopervik i ferd med å gå til ro. Kvelden er mørk, men likevel klar.

Lågt over Karmsundet frå nord bryt eit Hamden-bombefly stillheita. Om bord sit fire unge engelskmenn på retur etter tokt nord for Haugesund. Flyet ser allereie ut til å vere skada.

Då flyet når Kopernaglen lykt, opnar det tyske antiluftskytset på Østremneset eld. Sporlyset går rett gjennom flyet.

Eit flammehav

Den dag i dag hugsar stangalandsbu Gunvar Kristoffersen (81) framleis godt lyden av flyet som eksploderte.

– Det var eit forferdeleg brak. Heile huset rista. Hus opp til 200 meter ifrå fekk vindauga knust.

LES OGSÅ: Utflytta Kopervik-slekt donerer flotte antikvitetar. Historielaget lagar utstilling. Sjå bildeserie

Artikkelen held fram under bildet.

GUNVAR KRISTOFFERSEN: – Tyskarane samla vrakdelane ved bunkeren på Stangaland, hugsar eg.

Kristoffersen, som då berre var seks, hadde akkurat gått til sengs i barndomsheimen, ikkje langt frå Barneheimsodden der flyet først trefte bakken.

– Folk som såg havaristaden, skildra det som eit flammehav, hugsar eg. Vrakdelar låg spreidde over heile området, fortel han.

Korleis det hadde gått med barneheimsbarna på Solstrand like ved, det var i førstninga uvisst.

Arrangerer minnestund

Til minne om flystyrten arrangerer Kopervik og Omegn Historielag minnestund. I dag serverer Inger Fikstveit nydelege surmjølkspannekaker og kaffi heime på Sør-Stokke då Karmøyfolk kjem på besøk.

Nå sit ho med datamaskinen i fanget og fortel:

– Det starta med at me i historielaget for to år sidan fekk ein førespurnad frå David Venner, nevøen til ein av dei omkomne i flystyrten. Han var ute etter informasjon om det som skjedde.

LES OGSÅ: Nye Kopervik kyrkje får nytt kyrkjeskip av historielaget. Sjekk detaljane i bildeserie

– Rett over nyttår i fjor tok han kontakt igjen og fortalte at han og fleire etterkommarar av dei omkomne ville besøke havaristaden. Dei ønskte ei minnestund på staden.

Høgtideleg og verdig

Minnestunda skal finne stad komande fredag klokka 12:00 på Jonstranda.

– Me håpar at kopervikingane vil komme og ta del i dette som skal ei verdig og høgtideleg minnestund, forklarer Fikstveit.

Artikkelen held fram under bildet.

MINNEPLAKETT: Ute på odden sør for Jonstranda er denne plaketten sett opp.

Det er eit fint program historielaget har sett opp.

– Kopervik musikkorps speler nasjonalsongane og ein salme. Det blir nedlegging av blomster. Og presten, Kristian Støle, avsluttar seremonien.

Ordføraren skal halde tale. Elevar frå mellomtrinnet på Stokkastrand skole skal òg delta. Dei vil synge og lese dikt.

Gunvar Kristoffersen har bestemt seg for å delta.

– Eg synest dette er viktig fordi folk, både unge og gamle, bør vite om det som skjedde, seier han.

Splintar hagla

Gudrun og John Gabrielsen er dei som kanskje var nærast på flystyrten. Dei budde på garden der sør for Torvika. Og 19. februar 1986 fortalde dei om opplevinga i Haugesund Avis:

«Plutselig sto alt i flammer. Brennende bensin dalte ned over gården, splinter haglet mot taket og en lang ledningsstubb fra flyet som eksploderte slo inn i bordkledningen bare en snau halvmeter fra de to som sto ved vinduet. To store flymotorer knuste naustet.»

Artikkelen held fram etter bildet.

Takk til David Venner for lån av dette bildet av eit Hamden-bombefly.

Johns første tanke gjekk til barneheimsbarna som budde like ved. Han ilte ditover. Heldigvis blei dei funne like etter, vitskremde, men i god behald.

Av flymannskapet på fire blei berre tre funne.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: