Endeleg friskmeldt. Endeleg tilbake i Kopervik

Raga Rockers besøkte Ovenpaa fredag kveld. Sjå bildeserie nedst. 

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Etter applausen å dømme var gjensynsgleda stor då Raga Rockers besøkte Ovenpaa i Kopervik fredag kveld.

– Raga Rockers skryt masse av kopervikpublikummet og seier at dei var glade då dei såg byen på turnelista, fortel Johnny Angelund som er bookingansvarleg på Ovenpaa.

LES OGSÅ: The Shakers skapte skikkeleg Beatles-stemning i Kopervik

Bandet spelte «ein legendarisk konsert» i byen i 2016, skriv Ovenpaa på Facebook. At bandet kom tilbake, var på høg tid. Grunna sjukdom måtte nemleg bandet avlyse konserten dei skulle spele 26. januar i år.

– I kveld hadde me har 300 innanfor dørene. Eg har fått masse positive tilbakemeldingar både frå band og publikum, opplyser Angelund.

Bildeserien inneheld åtte bilde.

TIPS KARMØYFOLK PÅ 957 80 298.