Det spirer i Karmøys musikkliv. Kulturskoleelevane viste kva dei er gode for

Etter eit langt år med mykje øving, arrangerte kulturskolen si musikkavdeling sommarkonsert i kulturhuset på Åkra. At elevane har jobba godt, det var tydeleg. Her var det mykje flott musikk.

Av: Jogeir Bigset

Gitaristen Marit Leanne Vos framførte «Barcaruola» denne kvelden. Eit musikkstykke ho har hatt med seg ei stund.

– Det var kjekt på scenen. Eg var nervøs i starten, det er eg alltid. Men det gjekk over da eg kom i gang, fortel ho.

Gitarspelinga er ein viktig hobby for Vos. Ho har spelt gitar i tolv år nå og bruker i snitt frå ein halv til ein heil time kvar dag på øving.

– For meg er dette viktig avkopling. Når eg speler gitar, slappar eg av og tenkjer ikkje på noko anna. Noko som er fint når det er hektisk på skolen, forklarer ho.

Bildeserien inneheld sju bilde. Dra til venstre eller trykk på pilene. (Artikkelen held fram under bildeserien.)

Mange flinke pianistar trakterte flygelet denne kvelden. Bildeserien inneheld seks bilde.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: