– Det er kjempehyggeleg å stå på stand

Det seier Merete Albertsen (KrF), her i prat med Majken Kynbråten. – Eg får treffe masse nye folk og prate politikk, fortel ho.

 Av: Jogeir Bigset

POLITIKK: Laurdag formiddag er det god stemning utanfor Åmfi på Åkra der politikarane har rigga til valkampstand.

– Ja, hadde eg ikkje drive valkamp i dag, hadde eg måtta jobbe i hagen, så då er det klart at det er mykje kjekkare å vere her, smiler Jarle Nilsen (Ap).

Han har med seg 400 roser som skal delast ut i løpet av dagen.

LES OGSÅ: Folketalet i Karmøy aukar

Politikarane fortel at det er ganske lett å få folk i tale. Karmøybuen interesserer seg for ei rekke ulike saker.

– Mange spør om skattepolitikken og vårt syn på innvandring, seier Jarle Nilsen.

– Ja, mange er opptatte av innvandring, men det er òg fleire som vil prate om politireforma og sentralisering, fortel Tor Asle Grønningen frå Senterpartiet.

Bildeserien inneheld fem bilde.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: