Desse to åkrabuane blir å sjå på TV Norge denne hausten

Helge Hammersland (t.v) og Svein Sjøen deltar i matlagingskonkurransen «Mitt kjøkken ruler» som skal sendast på TV Norge denne hausten.

Av: Jogeir Bigset

Dei to hobbykokkane frå Åkra som skal konkurrere i kokekunst på TV Norge denne hausten, er gode kompisar. Sidan dei er i same vennegjengen, har dei ofte jobba i lag på kjøkkenet.

– Me er eit godt team. Skjønt, eg er vel mest assistent. Svein er den klart ivrigaste av oss. Han ser alt som er av matprogram på tv og prøvar ut nye rettar heile tida, fortel Hammersland og held fram:

– Han ville eigentleg ha med kona, men ho blånekta, så då spurde han meg om eg ville bli med. Og eg er jo ikkje vanskeleg å be.

Hobby

Dei er glade amatørar, men litt formell kjøkkenbakgrunn kan nå Hammersland likevel skilte med.

– Eg hadde m i matlaging på ungdomsskolen, og har i tillegg hatt to netter på husmorskole, humrar han.

LES OGSÅBarna diggar dette nye leiketøyet som nå ligg i hamna på Sandve

– Kva er signatur-retten dykkar, då?

– Nei, det har me ikkje. Men begge er spesielt glade i sjømat.

Hemmeleg

Innspelinga starta allereie i november i fjor, men etter pålegg frå TV Norge har karane halde det hemmeleg.

– I første runde kokar me mat heime hos oss sjølv og får gjestar på besøk, avsluttar Hammersland.

Meir har han ikkje lov til å fortelje, anna enn at første episode kjem på lufta måndag 28. august.

FLEIRE SAKER FØLGJER NEDANFOR: