Desse flotte trebåtane har sjel. – Dei har ei eiga lukt, ein eigen følelse

Det vesle båtmiljøet inst i Eidsbotn tok dei gamle hardangersnekkene sine på land denne veka. Frå venstre: John Tore Asaldal, Frank Sand, Hallgeir Anglevik og Kjell Steffensen.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Det er ein av desse haustdagane i oktober. Krystallklar, kald luft. Vindstilt. Matt ettermiddagssol.

Nede ved flytebrygga, der verkstaden til Brødrene Asaldal ein gong låg, er det hektisk aktivitet. Karane i det vesle båtmiljøet som held til der, skal ha hardangersnekkene sine på land.

– Ja, nå er det så mykje vêr i tida framover, så nå vil me ha snekkene på land, fortel Hallgeir Anglevik medan han viser veg ned til flytebrygga der «Snobben» ligg fortøydd.

Artikkelen held fram etter bildet. 

«Snobben»

«Snobben» er lite eit kvitmåla smykke av ei snekke. Anglevik sveivar i gang den gamle Saab-motoren på seks hestar.

– Det dunkar og går, humrar han fornøgd.

– Ja. Dette er stolt, norsk industrihistorie. Sabb-motorane er tunge, men toler veldig mykje. Og dei er enkle å halde i stand, forklarer John Tore Asaldal.

Tradisjonsrikt båtmiljø

Akkurat då kjem Frank Sand køyrande med «Freia» på lasteplanet. Ei snekke Anglevik og Steffensen eig i lag. Og karane får det travelt med å heise henne av bilen.

– Eg køyrer mykje på sånt. Flyttar på omtrent hundre slike båtar i året. Dei skal ut om våren og opp om hausten, fortel Sand.

Artikkelen held fram etter bildet.

«Freia»

«Freia» er ei 23 fot lang hardangersnekke.

– Ja, det er mykje arbeid med desse båtane. Dei skal pussast, lakkast, stoffast. Og ein må passe på dei heile tida. Men dette er kystkultur. Me har ikkje så mange igjen av dei lenger, og det er viktig at nokon tar vare på dei, seier Asaldal.

Han har fått dette inn med morsmjølka.

Sabb-motor med ti hestar.

– Bestefaren min dreiv verkstaden Brødrene Asaldal som var plassert akkurat her. Og den første båten min, den eg fekk då eg var 14, var ein trebåt. Nå har eg rett nok eigd plastbåt ein periode. Men det var ikkje det same. Dei har ein eigen sjarm, desse trebåtane. Lukta av treolje og tjøre, fortel Asaldal.

LES OGSÅ: Så mykje må du betale i eigedomsskatt og avgift til kommunen. Karmøy blant landets billegaste

Vennegjeng

Anglevik fortel om eit lite båtmiljø, fire karar som delar interessa og ansvaret for desse gamle trebåtane, i tillegg til at dei har mykje kjekt i lag.

– Ja, det blir ein del kaffi, og så dreg me dreg ut på sjøen og fiskar. Det er ei fin unnskyldning for å komme seg ut.

«Dalaren»

Største fellesprosjektet til karane er «Dalaren», ein rolfsnesbåt nordanfrå Bømlo. Den fekk dei for to år sidan.

– Då var den eit trist og leitt syn. John Tore fekk den i byte for to siloballar. Nå har me slipt, olja og stelt. Samt overhala motortoppen. Me har brukt 40–50 dugnadstimar, i alle fall, anslår Anglevik.

Nå, når alle båtane nå er komne på land, ventar ein lang vinter. Så er det tid for «vårshining».

– Ja. Båtane skal både stoffast, lakkast og oljast. Så håpar me at dei er klare for ein ny sesong på sjøen når april kjem neste år, avsluttar Asaldal.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: