Bygde huset sitt sjølve. Har brukt all fritid i eitt år. – Lærerikt og kjekt

Etter eit heilt år med snikring er huset som sambuarparet Ole Christian Snørteland og Anette Sørheim har bygt på eiga hand, klart til innflytting. Det har vore ein hektisk og lærerik prosess.

Av: Jogeir Bigset

ÅKREHAMN: Det er tidleg ettermiddag då paret helsar velkommen i det nye funkishuset på Tjøsvoll Øst. Dei har ikkje flytta inn ennå, men alt er klart. Endåtil møblane er komne på plass. Nå ventar sambuarane berre på siste godkjenningspapira frå kommunen.

– Ja, nå er me slitne, og det utruleg godt å endeleg vere ferdige, medgir Sørheim og held fram:

– Men samstundes merkar me at me er litt rastlause. Det er uvant å ha fri. Sist laurdag for eksempel, då sat me litt med den kva skal me ta oss til med nå-følelsen.

Artikkelen held fram etter bildet.

Har valt open kjøkkenløysing.

Familieprosjekt

At dei slitne, burde ikkje overraske nokon. Begge, som er i full jobb – Snørteland som tømrar og Sørheim lærar – har brukt alt av fritid med sag og hammar i hendene. Byggearbeidet starta i oktober i fjor.

– Enkelte unntak finst, men ja, me har brukt alle ettermiddagar og alle helgar siste året. Men det skal òg seiast: Hadde me ikkje hatt så god hjelp frå familien, hadde me neppe vore ferdige på lenge ennå.

Spesielt fedrane til paret har verkeleg stått på.

– Dette byggeprosjektet har på ein måte vore ein samlingsstad begge familiane våre. Og det som er sikkert, er at den dagen me giftar oss, så slepp me klein stemning fordi folk ikkje kjenner kvarandre, smiler Sørheim.

Artikkelen held fram etter bildet.

Planlegging

Allereie i entréen møter besøkande på eitt av dei et mest særeigne trekka ved huset. Her er det høgt under taket.

– Ja, humrar Sørheim, me vil ha det litt luftig. Huset ber kanskje litt preg av at me har budd i ei kjellarleilegheit siste åra.

I entréen.

Paret har teikna planløysinga og fasaden på eiga hand.

– Det er rart å nå gå rundt i det huset me teikna for to år sidan. Det har blitt akkurat slik me ville ha det, sjølv om eg må innrømme at nokre småting, kunne me gjort annleis. Badet som høyrer til soverommet for eksempel, det har kanskje blitt litt vel stort. Men litt småplukk er der alltids, eg nektar å vere noko anna enn fornøgd, smiler Sørheim.

Dei gjekk grundig til verks då dei begynte å teikne.

– Me blada mykje i katalogar og studerte planteikningar. Pluss at me henta inn masse innspel og tips frå vennar og familie, fortel Snørteland.

Walk-in wardrobe

Sjølvgjort er velgjort

Gjennom jobben som tømrar har Snørteland sett litt av kvart. Derfor freista det ikkje å kjøpe noko oppussingsprosjekt.

– Nå veit me kva som er inne i veggane, at her er gjort skikkeleg arbeid. I tillegg hadde me masse fridom i byggeprosessen. Såg me at eit vindauge burde flyttast litt eller liknande, var det berre til å gjere det, fortel han.

– Ja, og så skal det jo seiast at me har spart ein del pengar. Men det har jo kosta; me har mykje å ta igjen når det gjeld familie og sosialt liv, seier Sørheim.

LES OGSÅ Karmøylærar tente 900 000 på børsen. Og det på under eitt år. Slik gjorde han det

Lærerikt

Det er tydeleg at dei har fått lære av kvarandre.

– For meg har dette vore utruleg lærerikt. Nå kan eg masse om husbygging. Hadde ikkje Ole Christian vore tømrar, hadde me aldri kunna gjort dette, fortel Sørheim.

Snørteland har på si side fått øve seg i rolla som lærar.

– Det har vore litt utfordrande å jobbe med folk som ikkje kan fagspråket. Eg har måtta forklare ting på nye måtar og tenke gjennom korleis eg viser framgangsmåtane.

LES OGSÅ: Desse to åkrabuane blir å sjå på TV Norge denne hausten

Ikkje arbeidslause med det første

– Kva blir neste prosjekt, då? Garasje?

Snørteland dreg på det. Smiler.

– Tja … det blir nok det. Og så skal jo hagen opparbeidast. Og me skal lage terrasse. Det manglar ikkje på arbeid.

Men først står viktigare ting for tur. Sambuarane er forlova. Og i juni neste år giftar dei seg i Kopervik kyrkje.

– Då skal me ha fest på Sevtun saman med familie og vennar, smiler Sørheim.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: