Biltema fekk pangstart. – 300 stod i kø då me opna dørene

Varehus-sjef Bjørn Ivar Iversen fortel om formidabel interesse opningsdagen.

Av: Jogeir Bigset

 NÆRINGSLIV: Då Biltema på Bygnes opna dørene for første gong laurdag morgon, mangla det ikkje på kundar.

– Dette har gått over all forventning. Då eg kom på jobb halv åtte, stod folk allereie i kø, og klokka ni strekte køen seg heilt bort til Europris, som er om lag 40 meter, trur eg. Eg talde ikkje kor mange det var, men i alle fall 300-400, anslår Iversen.

LES OGSÅ: FERSKE NAV-TAL: Arbeidsløysa i Karmøy går vidare ned. 222 færre er arbeidsledige

Dei første kundane fekk eit gåvekort verdt 500 kroner.

Endeleg

Iversen ser fram til den vidare drifta.

– Det kjennest utruleg godt å endeleg vere i gang. Og det er nå den verkelege jobben begynner. For oss gjeld det nå å halde varebehaldninga oppe. Det arbeidet gleder me oss til, smiler han.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: