BILDESERIE: Stor fotballglede på Åsebøen. 95 lag deltok på Gla’gris Cup

– Årets Gla’gris Cup har vore kjempebra. Me har fått berre skryt, smiler medlem i arrangørkomiteen Magnus Storjordet. Sjå bildeserie nedst. 

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Søndagen er det strålande vêr og yrande liv på Åsebøen. Flinke fotballspelarar i alderen seks til tolv år gir alt ute på grasmatta.

Denne helga er det 37. gong at Kopervik IL arrangerer Gla’gris Cup. 95 lag har vore i elden.

– Flesteparten er karmøylag. Nokre har funne vegen frå Haugesund, men me skulle gjerne hatt fleire. Og så er me ekstra glade for at fire Stavanger-lag er med i år, fortel Storjordet.

LES OGSÅ: Nå gir kommunen gratis kultur- og fritidsaktivitetar til barn og unge som lever i fattigdom

At det var regnvêr laurdag, la ingen dempar på stemninga.

– Ja, me var litt uheldige med vêret i går, men har gode telt, så alle kosa seg, fortel Storjordet.

Han anslår at dei har hatt 100–150 frivillige på dugnad.

Bilderserien inneheld 14 bilde. 

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: