BILDESERIE: Åkra tok solid siger mot Austrått. Det var éinvegskøyring heile kampen

Åkra var i storform. For Austrått gjekk det trått.

Av: Jogeir Bigset

Karl Oskar Emberland, åkratrenaren, er klar på at laget hans var best.

 – Vi var klart mykje betre og leia fortent 3–0 til pause.

 Det blei ein litt annan omgang etter sidebyte.

– Det gjer noko med tankegangen når du leiar så mykje til pause. Og så fekk vi ein mann utvist. Men vi hadde mange gode sjansar, og det var éinvegskøyring i andre òg, seier Emberland.

Sluttresultatet blei 4–1 til Åkra.

Artikkelen held fram etter bildeserien.

Allereie komande onsdag skal Åkra i elden igjen, og da mot Avaldsnes.

– Det blir kjekt å måle seg med naboane. Og sjå om vi er gode nok til å slå dei òg, avsluttar Emberland.

MEIR LOKALFOTBALL FØLGER NEDANFOR: