Barnehjerte i Kopervik fyller eitt år. – Dette har vore ein draum

Klesbutikken Barnehjerte fyller eitt år denne helga. Det har vore eit lærerikt år for den ferske butikkeigaren Siv Walland Holgersen.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Butikken Barnehjerte, som sel Name It-klede for barn i alderen 0–16, såg dagens lys for akkurat eitt år sidan. Jubileet blir feira med kampanjeprisar heile helga.

Holgersen er godt fornøgd året som har gått.

– Eg har storkosa meg. Å starte denne butikken var ein draum i mange år. Og nå går butikkdrifta veldig bra, fortel ho.

Artikkelen held fram etter bildet.

– Ull går det mykje av i desse tider, fortel Holgersen.

Butikkeigaren er glad for at ho slo til og starta butikken då ho fekk mogelegheita.

– Ja. Då eg fekk sjansen, måtte eg prøve. Og nå ser eg at det kjem nye kundar innom butikken kvar einaste veke, samstundes har eg gått fleire faste som handlar igjen og igjen.

Ny erfaring

Å starte butikk for første gong har vore lærerikt for Holgersen.

– Det som har vore utfordrande, er å treffe når eg bestiller inn varer. At eg ikkje har vore klar over kor populære enkelte varer kom til å bli, og bestilt inn for få, har hendt nokre gongar. Men det er jo slike erfaringar som ein gjer seg og lærer etter kvart.

LES OGSÅ: Koperviking lagar musikk til Hollywood-storfilm. Har laga versjon av Cohen-låt

Nå ser Holgersen fram til å drive butikken vidare.

– Ja. Eg er godt fornøgd med konseptet. Dette har fungert bra. Så nå skal eg berre vidareutvikle, avsluttar ho.

TIPS KARMØYFOLK PÅ TELEFON 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: