Barna diggar dette nye leiketøyet som nå ligg i hamna på Sandve

Bading er gøy. Trampolinehopping like eins. Å kombinere desse to, ja, det må jo berre bli suksess.

Av: Jogeir Bigset

SOMMAR PÅ KARMØY: I finevêret torsdag var det vilter barneleik på den nye vasstrampolinen som Sandvedagen-styret og Sandve Forum har spleist på.

– Me har sakna ein sommaraktivitet for dei litt eldre barna i bygda. Nå håpar me dette kan bli ein bra samlingsstad. Eg trur dei synest det er kjekt med litt herjeleik ute i sjøen. Det ser i alle fall slik ut i dag, smiler Janne Annette Robertsen som sit i styret i Sandvedagen.

Artikkelen held fram etter bildet.

Trampolinen blei lagt på sjøen første gong nå onsdag.

Ho fortel at organisasjonane har brukt inntektene dei har fått frå julebasarar, 17. mai-arrangement og Sandvedagen til å finansiere trampolinen.

– Me tenkjer at han skal ligge på sjøen fram til Sandvedagen og skal på land i september, fortel Robertsen.

Artikkelen held fram etter bildet.

Framover er det det viktig at folk fer fint med trampolinen slik at barna får glede av han i mange år vidare.

– Eg tenkjer me kan ha den liggande på sjøen om sommaren når det er skolefri.

Eit visst tilsyn med trampolinen har dei.

– Me er jo redde for at nokon skal øydelegge han, og blir det dårleg vêr, må han takast på land, avsluttar Robertsen.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: