Avaldsnes slo Stabæk. Innbytar sikra tre poeng. Sjå bilde frå kampen

Avaldsnes tok føringa og leia heile kampen. På overtid heldt det på å gå gale.

Av: Jogeir Bigset

Trenaren, Per Inge Jacobsen, er særs godt fornøgd med kampen.

– Vi dominerte kampen gjennom. Motstandarlaget skapte lite, medan vi laga sjanse etter sjanse, og da spesielt i andre omgang, fortel Jacobsen.

Etter fulltid blei det dramatisk da Stabæk, ifølge Jacobsen, scora ved eit slumpetreff.

– Det var utruleg tungt. Det hadde berre vore typisk at skulle få poengdeling etter å ha vore betre heile kampen.

Det blei Synne Vatnem, som blei bytt inn heilt på tampen, som berga sigeren.

– Det var klabb og babb inne i feltet. Berre kaos. Og så var det Synne som fekk foten på ballen, og ballen i mål. Utruleg deilig for henne, trur eg, avsluttar Jacobsen.

Endeleg resultat blei 2–1 til Avaldsnes.

Målscorarar:

Emily Gielnik

Synne Vatnem