Arrangerer moteshow i Kopervik. – Me skal skape wow-effekt

Moteinteresserte kopervikingar kan gle seg. Komande måndag er det duka for Kopervik Fashion Night på Cafe MM.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Når Kopervik Fashion Night går av stabelen måndag, er det mellom anna butikkane Get It, Karmøy Motesalong, Helsebutikken og Herrmann som går saman og lagar moteshow.

– Me skal skape skikkeleg wow-effekt og sparer ikkje på noko. Det blir rigga til med skikkelg catwalk, dj og lyssetting, fortel leiaren i Byen vår Kopervik, Inger Karin Damm, og legg til:

– Mannekengane våre blir styla av frisørar og make up-artistar frå byen.

Har ledige billettar

Denne kvelden er det årets haust- og vintermotar som skal presenterast.

– Eg trur det vil vere inspirerande for tilskodarane å sjå kleda sette saman på nye måtar. Eit slikt show gir eit anna inntrykk enn når ein besøker butikkane, seier Damm.

GÅTT GLIPP AV DENNE? Bustadprisane sokk på landsbasis, men i Karmøy er marknaden spesiell

Konferansier for kvelden blir matskribent og komikar Gunn Haaland.

– Me har selt masse billettar, men har framleis nokre få ledige igjen, opplyser Damm.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: