Årets SILK-festival får 90.000. Jan Erik Vold og seks andre kjem

Fredag blei det gjort kjent at stiftinga Fritt Ord gir 90.000 kroner i støtte til SILK-festivalen.

Av: Jogeir Bigset

SKUDENESHAVN: SILK-festivalen er stolt over tilliten dei blir vist.

– Slike tilskot er veldig viktige for festivalen. Billettinntektene åleine dekker ikkje alle utgiftene. Pengane brukar vi på å få inn kjente forfattarar og setje opp sakprosaarrangement, fortel Hanne Mulelid, nestleiar i styret.

 LES OGSÅ: PORTRETT: Kunstnar feirar 80 med salsutstilling i Kopervik kulturhus. – Det blir gøy, men òg litt skummelt

Sju nye namn

Publikum kan trygt begynne å glede seg. Sist måndag kunngjorde festivalen sju nye namn som kjem på besøk: Erika Fatland, Dag Solstad, Viggo Johansen, Trude Teige, Lars Ove Seljestad, Øystein Wiik og Jan Erik Vold.

Sistnemnde blir med på opningsarrangementet. Han skal ha ein samtale med kameraten Jan H. Landro.

– Eg trur folk kan glede seg. Dette blir ein samtale om Volds forfattarskap, mellom to som har kjent kvarandre lenge. Noko som kan gi nye perspektiv, seier Mulelid.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: