Årets Karmøy Maraton går mot rekord. Søndag testa dei løypa

Allereie nå har 187 meldt seg på Karmøy Maraton som går 18. november. Nå søndag var det tid for gjennomkøyring.

Av: Jogeir Bigset

KOPERVIK: Bister nordavind og vêr som vekslar mellom sol og regn, er inga hindring. Drygt tjue løpeglade har møtt fram på Åsebøen tidleg søndag morgon. Karmøy Maraton skal arrangere roleg gjennomkøyring av halvmaratonløypa.

Inger Johanne Klokset, som sit i styret, fortel at dørstokkmila ofte er største hindringa.

– Det gjeld å berre komme i gang. Ofte er vêret verre om ein sit inne og ser ut. Og så gir det ein så god følelse etterpå.

Artikkelen held fram etter bildet.

Geir Olsen og Inger Johanne Klokset

Rekorddeltaking

Fleire mosjonsløp landet over har opplevd nedgang siste året. Færre melder seg på. Slik det ser ut nå, er ikkje det tilfelle for Karmøy Maraton.

– Det går mot rekorddeltaking. Akkurat nå har me fått 187 påmelde. På same tid i fjor var talet 117, fortel styreleiar Geir Olsen.

Sidan løpet går såpass seint på hausten, er det mange som ventar til siste veka og ser an vêret før dei melder seg på.

– Er vêrgudane med oss, er eg redd me kan få for få medaljar. I fjor hadde me 439 deltakarar, og i år har me kjøpt inn 480 medaljar.

– Kvifor er løpet så populært, trur du?

– To grunnar: Sidan løpet går så seint i sesongen, er det nok mange som har det som eit treningsmål gjennom året. Og i tillegg får me høyre at løypa vår er heilt unik. Den går omgivnadar med havutsikt og flott natur, forklarer Olsen.

Folkesport

Klokset fortel at Karmøy Maraton arrangerer intervalltrening, som er open for alle, på Haugesund friidrettsstadion kvar tysdag.

– Løping er enkelt. Det einaste du treng er eit par gode sko. Dyre løpetightsar og anna utstyr er eigentleg unødvendig.

LES OGSÅ: Vil du delta på neste års The Beast, bør du få ut fingeren. 420 er påmelde etter 16 timar

Men for å halde motivasjonen oppe gjeld det å ha eit fellesskap.

– Å finne nokon å trene saman med kan vere viktig. Då er det lettare å komme seg ut, og det er kjekkare å trene, seier Klokset.

Kor mykje trening bør ein legge ned dersom ein skal delta?

– Skal du springe heilmaraton, bør du vere erfaren. Men for å springe halve held det med eit par-tre treningar i veka, og då over ei viss tid, fortel Olsen.

Til Ådland

Gjengen stiller opp ved startstreken. Så er det «klar, ferdig, gå». Dei joggar ei runde rundt stadion før dei tar landevegen fatt.

Sidan det berre er halvmaraton-løypa som skal testast i dag, skal dei ikkje lenger enn til Ådland og tilbake. Som for desse milslukarane neppe er for meir enn ein snartur å rekne.

LES OGSÅ: Ung koperviking prøver lykka hos SL Benfica. – Det er kjekt, men tøft fysisk

Karmøy Maraton går av stabelen 18. november i distansane maraton, halvmaraton og 10 kilometer. I tillegg blir det arrangert barneløp på stadion.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: