Åkradamene tok viktig siger. – Eg har tru på at me skal berge plassen

Det seier Åkra-trenar Henning Stueland etter dagens siger over Randsund 2.

Av: Jogeir Bigset

HANDBALL: Åkradamene utklassa Randsund 2 i dagens kamp i Åkrahallen og vann med ti mål. Trenaren er strålande fornøgd med innsatsen til eigne spelarar.

– I dag vann me takka vere godt keeper- og forsvarsspel, seier han.

Stueland fortel at laget nå har funne måten å spele på.

– Me har organisert forsvarsspelet vårt betre. Er meir disiplinerte og kommuniserer godt. Det gjer at me kan ta større sjansar framover òg.

Gunn Elise Lund blei toppscorar, og sytten år gamle Vilde Vigdal blei kåra til beste spelaren på bana. Ho scora seks mål.

– Vigdal ruva i første omgang, fortel trenaren.

Endeleg resultat blei 28–18.

Har trua

Nå har Stueland tru på at Åkra skal berge plassen i 3.-divisjon.

– Me hadde ein tung start på sesongen, dette er nå i ferd med å snu. Me skal klore oss fast. Det er utruleg viktig for heile handballmiljøet, fortel han.

LES OGSÅ: Norsk-amerikanar blir heidra på Åkra. – Me er stolte over denne historia

To viktige kampar står for tur. Neste helg mot Hinna på bortebane, og helga etter kjem Tastavarden på besøk.

– Desse kampane må me vinne, skal me ha ein sjanse. Begge laga har omtrent like mange poeng som oss, forklarer Stueland.

TIPS KARMØYFOLK PÅ 957 80 298.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: