Åkrabuen Jesper Saltvik Pedersen blir JYSK-ambassadør. – Kjempestort

Alpinisten Jesper Saltvik Pedersen frå Åkra får årets JYSK-stipend på 50.000 kroner.

Av: Jogeir Bigset

SPORT: Pedersen er svært fornøgd med tildelinga. Den kjem godt med i den vidare satsinga.

– Å bli JYSK-ambassadør er kjempestort! Med stipendet frå JYSK gjer det lettare for meg å satse for fullt mot leikene. Kvar hundedel tel, og eg må jobbe knallhardt i innspurten for å nå målet om pallplass i PyeongChang, seier 18-åringen til Norges Idrettsforbund.

JYSK-stipendet blir delt ut kvart år i september til utøvarar som har gode haldningar og satsar for fullt på idretten.

LES OGSÅ: Åkra herrer vann nervepirrande sesongopning mot Just. – Dette var ein skikkeleg lagsiger

– Me håpar at stipendet til Jesper gjer at han får best mogleg oppkøyring til Paralympics i PyeongChang 2018, seier Are Bjøntegaard, Sales & Marketing Manager hos JYSK til idrettsforbundet.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: