Åkra tok sin femte siger på rad. Køyrde over Frøyland første kvarteret

Åkratrenar Karl Oskar Emberland er veldig godt fornøgd med dagens kamp, og då spesielt første omgang.

Av: Jogeir Bigset

FOTBALL: Første kvarteret køyrde Åkra over Frøyland. Men på slutten av omgangen slapp laget seg litt nedpå.

(Artikkelen held fram etter reklamen.) 

– Nei, første halvtimen vil eg seie var veldig bra frå vår side. Men det er slik at etter å ha scora fire mål på eit drygt kvarter, er det nok litt det mentale som gjer at me slappar av, seier han og legg til:

– Pluss at me hadde pressa veldig hardt i starten.

Mista rytmen

– Andre omgang blei det eg kallar ein transportetappe. Det skjedde lite inne i vår sekstenmeter. Og heller ikkje i Frøylands, fortel Emberland.

LES OGSÅDesse to åkrabuane blir å sjå på TV Norge denne hausten

Begge laga gjorde mange spelarbyte denne omgangen. Åkra for å gi alle speletid.

– Det er viktig at me gir alle mann tid ute på banen, at alle får prøve seg. Men spelarbyta førte til at me mista rytmen, og at me ikkje skapte så mange sjansar.

Nabooppgjer

– Og neste helg møter dokker Kopervik, naboar som òg ligg høgt på tabellen. Kva tenkjer du om det?

Ingenting. Me har låge skuldrer. Fotball er berre gøy. Me gler oss, avsluttar Emberland.

LES OGSÅ: BILDESERIE: Åkra tok solid siger mot Austrått. Det var éinvegskøyring heile kampen

KAMPFAKTA:

Åkra–Frøyland 4–0 (4–0)

Mål: 1–0 Mats Kvalvågnes (2.), 2–0 Anders Underhaug (7.), 3–0 Mats Kvalvågnes (13.), 4–0 Jakob Rasmussen (16.)

DOMMAR: Arne Tveit Katla

MEIR LOKALFOTBALL FØLGER NEDANFOR: