Åkra scora tre mål før pause. – Det blei meir rot i andre omgang

Det seier Åkra-trenar Karl Oskar Emberland, som summa summarum er fornøgd med kveldens kamp mot Vard Haugesund 2.

Av: Jogeir Bigset

FOTBALL: Sjølv om Åkra var best kampen gjennom, blei det ikkje fleire mål etter sidebyte.

– Vi gjorde ein veldig solid jobb i første omgang. Etter pause blei det litt meir rot. Flyten i spelet uteblei. Og sjølv om vi var betre og skapte sjansar, mangla vi gjennomføringskraft, fortel Emberland.

(Les kampfakta under bildet.)

KAMPFAKTA:

Åkra–Vard Haugesund 3–0 (3–0)

  1. divisjon avdeling 2

Åkra kunstgras

Mål: 1–0 Jakob Rasmussen (7.), 2–0 Kristoffer Stava (17.), 3–0 Jakob Rasmussen (29.)

Dommar: Johann Veland Kjellesvik, Haugar SK

LES OGSÅ: Sjå bildeserie: Vedavåg slo Torvastad. – Viktig for oss å vinne på bortebane