Åkra herrer vann nervepirrande sesongopning mot Just. – Dette var ein skikkeleg lagsiger

Spelande trenar på herre-handballaget til Åkra, Kristian Lund, synest laget vann fortent i årets første 3.-divisjonskamp mot Just.

Av: Jogeir Bigset

HANDBALL: Alt sett under eitt var kampen jamspelt.

– Det er fantastisk godt å vinne når laga spelar nesten like godt. Før brukte me å tape slike kampar. Men nå har me fått eit større trenar-team, og det samarbeidet utgjer ein klar forskjell i slike kampar, trur Lund. 

Han er òg klar på at åkraspelarane gjorde ein kjempeinnsats.

– Dette var ein skikkeleg lagsiger. Me spelte mykje fin handball, og spesielt vingane sette skota sine.

 LES OGSÅ: Desse to åkrabuane blir å sjå på TV Norge denne hausten

Sleit i starten

Første omgang begynte greitt. Laget stod ok i forsvar, men så begynte motbakken.

– Just fekk nokre lette mål, og me hamna bakpå. Låg under lenge. Siste ti minutta kom me inn i kampen igjen. Laget stod betre bakover, og framover begynte skota å sitte.

Artikkelen held fram under bildet.

Då laga gjekk til pause, var stillinga 14–14.

– Det var utruleg godt for sjølvtilliten at me klarte uavgjort til pause. Laget fekk verkeleg ein ny giv.

 Artikkelen held fram under bildet. 

PAUSEUNDERHALDNING: Åkra Cheerleading underheldt.

Andre omgang

Etter sidebyte kom åkraspelarane verkeleg inn i kampen.

– Me gjekk rett opp i leiing, og den heldt me ei god stund, men Just henta oss inn. Heldigvis fekk dei ei utvising då det var fem minutt igjen, og me gjekk opp i ei komfortabel tre-målsleiing og kunne kontrollere heilt ut, samanfattar Lund.

 LES OGSÅ: Åkra tok sin femte siger på rad. Køyrde over Frøyland første kvarteret

Endeleg resultat blei 29–25 til Åkra. Og Kristian Lund blei toppscorar med 10 mål.

Artikkelen held fram under bildet.

Fullt hus

Ein nesten fullsett tribune heia Åkra til siger.

– Me er ikkje vane med så mykje publikum. Det var utruleg kjekt med så mykje folk på tribunen. Eit skikkeleg jubelbrøl når ein scorar, gir masse energi. Då klarer spelarane å ta ut det litle ekstra, fortel Lund.

FLEIRE SAKER FØLGER NEDANFOR: