Åkra fekk endeleg revansje etter fjorårets to ufortente tap mot Ålgård

Det gjekk som det skulle da Åkra gjesta Ålgård. Mats Kvalvågnes scora fire mål.

Av: Jogeir Bigset

Heimelaget kom best i gang og scora første målet i det 16. minutt. Ikkje lenge etter hedda Mats Kvalvågnes si første scoring for kvelden.

Med resultatet 1–2, etter ei Anders Underhaug-scoring, gjekk laga i garderoben for eit kvarters kvil.

Åkra heva seg kraftig etter sidebyte. Og før eit kvarter var gått, var stillinga 1–5.

 Endeleg resultat blei 1–6 etter at Jan Anders Langåker krangla ballen i mål.

Åkra ligg nå etter 11 spelte kampar på fjerdeplass på tabellen.

(Takk til Henning Stava for referat frå kampen.)

MEIR LOKALFOTBALL FØLGER NEDANFOR: