Åkra 2 slo Skudenes på bortebane. – Alt i alt var det ein jamspelt kamp

Slik samanfattar Åkra-trenaren, Helge Tønnes Langåker, kveldens kamp.

Av: Jogeir Bigset

FOTBALL: Sjølv om Åkra leia 2–1 til sidebyte, var det Skudenes som hadde flest sjansar i første omgang.

– Skudenes fekk ei straffe og scora rett før pause. Den var for så vidt grei, men at vi fekk éin mann utvist, var feil. Så stygg var den taklinga ikkje, fortel Langåker.

 Artikkelen held fram etter bildet.

STRAFFESPARK: Skudenes fekk sitt eine mål på dette straffesparket.

Utvisinga kom til å prege andre omgang, utan å øydelegge.

– Vi blei liggande meir bakpå for å tette igjen, men klarte likevel å skape sjansar på overgangar. Og er godt fornøgde med at vi scora eitt i andre òg.

Endeleg resultat blei 3–1 til Åkra 2.

MEIR LOKALFOTBALL FØLGJER NEDANFOR: