60-talet var fantastisk. Backbeat arrangerte mimrefest om bord i M/S Sandnes

HØG NOSTALGIFAKTOR: Det blei trongt på dansegolvet da The Teddybears gjekk i gang med Elvis’ «Moody Blue». Denne laurdagen fekk mange gjenoppleve magien frå den gong da.

Av: Jogeir Bigset

Når du står på kaia i Kopervik denne kvelden, er det lite som minner om det segnomspunne 60-talet på Karmøy. Ingen langhåra gutar, ingen jenter med keppstretch-bukser. Berre M/S Sandnes som ligg duppar søvnig i sjøen.

Vel, skinnet kan bedra.

Over landgangen og rett innanfor står Backbeat-gjengen. Dei er veldig fornøgde med kvelden så langt.

(Artikkelen held fram under bildet.)

BACKBEAT-GJENGEN: Frå venstre: Kjell Olav Leirvåg, Ingvar Melkevik og Finn Willy Fosen.

– Vi har ein kjempekveld. For oss, veit du, er det tre ting som er viktige: at publikum, bandet og personalet har det bra. Da har vi det bra. I kveld er her rundt 120, noko som er akkurat passeleg for dette lokalet, smiler Finn Willy Fosen.

Oppe i restauranten sit folk rundt borda. Pratar. Ler. Både scenen og dansegolvet tomme. The Teddybears har tydelegvis pause.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Ellen May Angelund vekslar mellom to festivalar denne kvelden. Ho har vore på Karmøygeddon òg.

– Eg går litt til og frå. Dette er kjempegreier. Eg blir i skikkeleg 60-talsstemning. Det er så kjekt at dei arrangerer noko for vår aldersgruppe. Her treffer vi masse kjente, fortel ho.

Rune Larsen og Unni Pedersen er einige.

– Dette er kjempebra. Gammalpop som dette, det likar vi, seier Larsen.

Så riggar teddybjørnane seg til på scenen og går i gang med «Moody Blue». Noko som ikkje går upåakta hen. Danseglade stimlar til på dansegolvet. Og brått er det kanskje litt som det ein gong var.

Rune Larsen og Unni Pedersen

Les også: Laurdag spelar The Teddybears på Backbeat. – Vi vil gjenskape 60-talsmagien